Prosjektøkonom
Posted November 11, 2026 Verified by SheCodes, apply link checked today
In short
Møre og Romsdal fylkeskommune seeks a prosjektøkonom for a one-year position to support project managers in economic management of various road projects.
What they ask for
- Bachelor or master in economics
- Experience in construction economics
- Good communication skills
- Ability to collaborate effectively
What they offer
- Challenging position in a professional environment
- Access to professional networks
- Public pension scheme
- Life and accident insurance
Summarised by AI from the full description below.
Søk på stillinga (i ny fane)
Vi søker etter prosjektøkonom til eit årsvikariat. Møre og Romsdal fylkeskommune har mange vegprosjekt i porteføljen dei komande åra. Prosjektorganisasjonen har ei variert portefølje. Alt frå mindre vedlikehaldsoppdrag til bygging av større vegprosjekt. Blant anna planlegg vi byggestart på Årødalskrysset, Remøybrua, Åndalsnes bru og fleire rassikringsprosjekt dei komande åra. I tillegg er det mange spanande prosjekt i planleggingsfasen. Du vil inngå i eit team med blant anna prosjektleiarar og byggeleiarar, og du rapporterer til prosjektsjefen som vil styre på porteføljenivå.
Du kan sjølv velje mellom kontorstad i Ålesund, Molde eller Kristiansund. Du må rekne med noko reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane. Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag 50 tilsette med kompetanse innanfor prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonen knytt til Bypakke Ålesund, tunneloppgradering, veginvestering og ei rekkje bruer og ferjekaier.
Arbeidsoppgåver
Som prosjektøkonom hos oss vil du: Jobbe med koordinering og støtte til prosjektsjef, prosjektleiarar og byggeleiar i:
- økonomistyring i små og store vegprosjekt
- budsjett og prognoser
- rapportering (månadsrapportering og årsrapportering)
- bevilningsrapportering
- Vere rådgjevar og drive kvalitetssikring av økonomiske data (inkl. controlleroppgåver).
- Bidra til utvikling av fagområdet, herunder vidareutvikling av styringsinformasjon og rapportering.
Kvalifikasjonar
Vi søker deg som har: Bachelor eller master i økonomi (min. 3-årig utdanning frå universitet, høgskule eller liknande). Relevant erfaring kan kompensere for kompetansekravet. Erfaring med økonomiarbeid innanfor bygg og anlegg er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Vilje og evne til å samarbeide med, og involvere interne og eksterne partar. - Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg - Du er utviklings- og løysningsorientert - Arbeide nøyaktig og målretta. - Sjå behov og ta ansvar.Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø - God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling - Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring - Løn etter avtaleAdresse: Fylkeshuset i Molde, Julsundvegen 9, 6412 Molde, Norge
Opne vegbeskriving (i ny fane) Campus Kristiansund Fosnagata 12 6509 Kristiansund Norge Opne vegbeskriving Norwegian Maritime Competence Center Borgundvegen 340 6009 Ålesund Norge Opne vegbeskrivingKontaktinformasjon
Torbjørn Vatnehol Prosjektsjef Telefon: 97714119 E-post: [email protected] Ole Jan Tønnesen Fylkesvegsjef Telefon: 92029592 E-post: [email protected]Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling. FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling. Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
Similar jobs
Ørland kommune Konsulent i Dokumentforvaltningen Den norske kirke, Oslo bispedømme HR- og administrasjonssjef Sarpsborg kommune HR-juristInterested in this role?
You'll apply directly on the company's site.
Apply on company siteOpens 3538.webcruiter.no in a new tab
- Posted
- November 11, 2026
- Link checked
- Today
- Open until
- December 28, 2026