Posted November 25, 2026 Verified by SheCodes, apply link checked today
In short
As an HR Lawyer at Nav, you will combine labor law with HR tasks, providing legal guidance and support in personnel matters and organizational changes. You will work in a multidisciplinary HR environment with experienced colleagues.
What they ask for
- Master's degree in law
- Fluent Norwegian, written and spoken
- Good digital skills
- Knowledge of labor law
What they offer
- Flexible working hours
- Home office arrangement
- Good pension scheme
- Loan scheme and insurance
Summarised by AI from the full description below.
I HR og organisasjon søker vi ein fagleg sterk jurist som vil kombinere arbeidsrett med breidda i HR-faget. Som HR-jurist hos oss får du bruke den juridiske kompetansen din i arbeidsrettslege problemstillingar, personalsaker, omstilling og leiarstøtte, samtidig som du bidrar i andre HR-oppgåver ut frå behova i organisasjonen.
Du blir ein del av eit tverrfagleg HR-miljø med erfarne og kunnskapsrike kollegaer innan HR, HMS, leiarutvikling og innovasjon. Vi jobbar tett saman, deler kunnskap og løyser oppgåver på tvers av fagområde. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag, gode moglegheiter til å vidareutvikle fagområdet og høve til å påverke utviklinga av Nav Vestland.
Nav fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for å gjennomføre arbeids- og velferdspolitikken i fylket, og har styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret held til i Bergen og består av om lag 45 tilsette fordelte på fire avdelingar: HR og organisasjon, partnarskap og kommunikasjon, fag og tenester samt økonomi og analyse.
Kva går jobben ut på?
- rettleiing og leiarstøtte i arbeidsrettslege problemstillingar
- rådgiving i personalsaker og omstillingsprosessar
- arbeid med medbestemming, konflikthandtering og anna relevant avtaleverk
- skrive saksframlegg, utgreiingar og beslutningsgrunnlag
- bidra i formidling, opplæring og kompetanseheving innan arbeidsrett og HR
- handtering av personvernspørsmål på HR‑området
- delta i varierte HR‑oppgåver saman med resten av HR‑teamet
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Stillinga kan innplasserast som rådgivar eller seniorrådgivar etter kompetanse og erfaring.
Felles for begge rollene er at du må ha
- fullført master i rettsvitenskap eller juridisk embetseksamen som gjer rett til å bruke tittelen jurist. Dersom du har utanlandsk utdanning, må du ha godkjenning frå advokattilsynet for å bruke tittelen.
- god formuleringsevne på norsk, både munnleg og skriftleg
- gode digitale ferdigheiter
For tilsetting som rådgivar må du i tillegg ha
- kunnskap om arbeidsrett og kjennskap til relevant lov- og avtaleverk
- noko erfaring med å gi juridisk rådgiving
som seniorrådgivar må du i tillegg ha
For tilsetting
- god arbeidserfaring frå oppgåver innan arbeidsrett
- erfaring med juridisk rådgiving og rettleiing til leiarar eller andre avgjerdstakarar
- erfaring med relevant lov- og avtaleverk
Kva ser vi etter hos deg ?
- du er fagleg trygg og forklarer juridiske reglar på ein enkel og forståeleg måte
- du trivst med samarbeid, rettleiing og kunnskapsdeling
- du er strukturert og klarer å prioritere mellom løpande oppgåver
- du finn løysingar på komplekse problemstillingar og trivst med å veksle mellom operative og strategiske oppgåver
Kvifor velje oss?
- ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- stillinga blir plassert i stillingskode 1434 rådgivar (lønn frå kr. 680 000 til kr. 780 000) eller 1364 seniorrådgivar (lønn frå kr. 780 000 til kr. 880 000), vurdert etter kvalifikasjonar og kompetanse. For særs kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn ut over lønnsspennet vurderast.
Slik søker du på stillinga
Vi ønsker å gjere søknadsprosessen enklare og meir relevant. Du treng derfor ikkje å skrive søknadsbrev. I staden ber vi deg om å sende inn ein oppdatert og utfyllande CV, og svare på nokre korte spørsmål om erfaringa di og kompetansen din.
Similar jobs
Ørland kommune Konsulent i Dokumentforvaltningen Den norske kirke, Oslo bispedømme HR- og administrasjonssjef Møre og Romsdal fylkeskommune ProsjektøkonomInterested in this role?
You'll apply directly on the company's site.
Apply on company siteOpens 2106.webcruiter.no in a new tab
- Posted
- November 25, 2026
- Link checked
- Today
- Open until
- December 28, 2026